Sunnfjordligaen

Sunnfjordligaen startar 1.mai 2020

Sunnfjordligaen er eit rangeringssystem for dei av oss som ynskjer å tilføre eit lite konkurranseelement til spelinga. Systemet er inspirert av utrekningar av ATP-poeng i internasjonal tennis. Du kan samle poeng ved å spele ordinære kampar og ved deltaking i faste turneringar.

Ordinære kampar

I byrjinga av kvar månad trekker vi kampar tilfeldig. Alle som er påmelde får tildelt to motstandarar kvar månad frå mai til september. Kampane kan spelast når som helst i månaden etter avtale, og spelarane har sjølve ansvar for å melde inn resultat etter kampslutt. Kampane kan vere eitt sett eller best av tre sett.

Turneringar

Planen har vore å arrangere to turneringar denne sesongen: Ein STP 250-turnering i juni og ein STP 250-turnering i august. På grunn av smittefaren ved samlingar av mange folk på samme stad, er det no usikkert om dette let seg gjennomføre.

Kven kan delta i Sunnfjordligaen?

Ligaen er open for alle som er medlemmer i Førde tennisklubb. Vi ynskjer å ha med flest mogleg, og du treng ikkje spele tennis på høgt nivå for å delta.

Rangering

Poenga som spelarane akkumulerer dannar grunnlag for ei rangering. Året etter blir poenga i ein gitt månad erstatta av nye poeng den same månaden, slik at STP-poenga til ei kvar tid skal reflektere nivået til kvar spelar dei seinaste 12 månadane. Poengsummane vil kunne brukast til seeding i framtidige turneringar.

Påmelding

Du kan melde deg på Sunnfjordligaen når som helst, men viss du vil ha med deg heile sesongen, må du melde deg på før 25.april.  Send ein epost til bardasnes@outlook.com viss du vil vere med. Det er gratis å delta.

Rapportering

Spelaren som står først i kampoversikta har ansvar for å avtale tidspunkt for kamp, og å rapportere inn resultatet. Kontaktinformasjon til alle medlemmene finn du i vårt bookingsystem. Resultat frå kampane skal rapporterast inn i løpet av 24 timar etter kampslutt.

Poengoversikt

STP 250 – turnering

  • Vinnar: 250 poeng
  • Andreplass: 150 poeng
  • Tredjeplass 120 poeng
  • Semifinale: 90 poeng
  • Kvartfinale: 45 poeng
  • Andre runde: 22,5 poeng
  • Deltaking: 5 poeng

Ordinære kampar

  • Vinne ein kamp: 22,5 poeng
  • Deltaking: 5 poeng